Krampe (2024)
Tittel: Krampe
Format: Albumhefte
Sider: 40
Språk: Nynorsk
Produksjonsår: 2024
ISBN: 978-82-303-5819-1 (1. opplag)
978-82-303-6623-3 (2. opplag)
1. opplag: 100
2. opplag: 800
Når ein veks opp i verdas største fjord, eller kanskje nest største faktisk, så lærer ein å ha respekt for tjern, vatn, sjø og hav.
Krampe er ein kort teikneserie om å bade. Mor mi sa alltid at eg aldri skulle bade åleine, men kor lenge gjeld den regelen? No er eg 42, og min sjøvett-liberale svigerfamile ler av meg og reglane mine.
Teikneserien er ein uhøgtideleg refleksjon over bading og krampe som vann Gull for visuell utforming i Visuelt 2025. Teikneserien er trykka på Risograf hos Pamflett i Bergen. Det fyrste opplaget er trykka av kunstnaren sjølv i eit begrensa opplag på 100 eks og er signert og nummerert. Desse tilgjengeleg hos Tekstallmenningen i Bergen og Tronsmo i Oslo.
Juryens kommentar: «Utrolig uttrykksfullt i sin enkelthet. Så mye følelser i bruk av negativt rom. Teksturene brukes bevisst. Gjenkjennelig. I rå enkelhet ganske så vakker! Ordlyd og illustrasjoner går hånd i hånd. God pacing. Uttrykksfulle ansikter med få streker.»
Roy Søbstad: «Man får umiddelbart følelsen av å ha plukket opp noe eksklusivt, men på ingen måte ekskluderende.»
DG Stewart: «… we enjoyed the title for the dreamy art. The characters give the impression of being a single line drawing, and the blues and greens are almost ethereal. The illustrations are languid, and float. We recommend this title.»
Krampe – Digital utgåve (2024)
Tittel: Krampe – Digital utgåve
Format: E-bok
Sider: 40
Språk: Nynorsk
Produksjonsår: 2024
ISBN: 978-82-303-5908-2 (PDF)
978-82-303-6813-8 (EPub)
Er du kanskje typen som liker å lese på lesebrett, og ikkje ynskjer å fylle opp huset med ting og tang. Eller kanskje du berre må lese Krampe med ein gong?
Krampe er også tilgjengeleg som e-bok! Den finnast i ePub og PDF, og den digitale utgåva har ein alternativ slutt som skil den frå den trykte teikneserien. Ja det må seiast at det er teikneserieskaparen sin foretrukne slutt.
Du kan lese den digitale versjonen via Ebok.no, Amazon.com for å lese den me Amazon Kindle eller kjøpe den rett frå kunstnaren som PDF via Patreon.